Uskadd etter paraglider-ulukke

Personen som førte paraglideren var bevisst og framstod som uskadd etter møtet med fjellsida i Loen seint laurdag kveld.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Ein person som førte ein paraglider kom uskadd frå ein krasj i fjellveggen i Loen laurdag kveld.

Han skal ha mista kontrollen over paraglideren, og krasja inn i fjellsida, opplyser politiet på twitter.

Naudetatane kom på staden, og luftambulansen fekk henta personen trygt ned att like før midnatt.