Per Garen ved Videseter Hotell

– Forventar at kommunen behandlar oss på lik linje med vegvesenet

Per Garen ved Videseter Hotell føler han stangar hovudet i veggen mot Stryn kommune i det han meiner bør vere ei enkel sak: Å få løyve til å byggje fire rom på eksisterande terasse i 2. etasje på hotellet.

Liten utbygging: Per Garen, direktør ved Videseter Hotel vil byggje på fire rom på terassen i 2. etasje, til venstre på bildet. – Eg kan ikkje forstå at ein auke frå 35 til 39 rom skal vere problematisk i høve skredfare, når det er OK at vi har 500 gjester inne til lunsj samtidig, seier han.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Bakgrunnen for søknaden om å byggje fire rom er at hotellet har ein terasse som har fall mot hotellet og der sluken er plassert slik at dersom denne går tett, vil vatnet renne inn i korridoren. Dette har skjedd to gonger før, med samla kostnad på 1,5 millionar kroner for reparasjon etter vasskade, fortel Per Garen.