Film og bøker skal få fleire turistar hit

Kulturturisme blir eit satsingsområde for regjeringa, som torsdag la fram ein ny strategi som skal gjere Norge til ein kulturdestinasjon.

Bilfilmen Børning 2 med Anders Baasmo Christiansen er spelt inn i blant anna Stryn, Oppstryn og Strynefjellet.   Foto: Filmweb

Nyhende

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) meiner at strategien vil bidra til at fleire får auga opp for Norge.

– Det er ikkje alle det passar for å feriere i ein kano eller på ein fjelltopp, men som gjerne vil reise for å sjå "Skrik" med eigne auge på Munchmuseet, street art i Lofoten eller Vinjerock i Jotunheimen, seier Grande.

Eit fleirtal av turistane i Norge ser på kultur som ein viktig del av ferien sin. Det gjeld både norske og utanlandske reisande, ifølgje ei undersøking gjort av Innovasjon Norge. 66 prosent av utanlandske og 57 prosent av norske turistar ser på kulturelle aktivitetar som ein "svært viktig" del av ferien.

Meiner film kan auke turismen

For å legge betre til rette for dette, vil regjeringa mellom anna styrke og legge til rette for at stader som er knytt til handling i bøker, film, dataspel og tv-produksjonar, kan realisere verdiskapingspotensialet sitt i større grad.

– Erfaringar frå andre land viser at potensialet kan utløysast i større grad ved å utvikle ein meir systematisk arbeidsmetodikk på dette området, heiter det i meldinga.

Ved statsbudsjettet for 2019 auka regjeringa tilskotet til insentivordninga for internasjonale film- og serieproduksjonar i Noreg med 10 millionar kroner, og varsla at dei ville opprette ein nasjonal filmkommisjon.

Intensivordninga har mellom anna støtta James Bond-filmen "Bond 25", som blir spelt inn fleire stader i Noreg, med 47 millionar kroner.

Fleire heilårsarbeidsplassar

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner ei kultursatsing kan gjere norsk reiseliv meir berekraftig, mellom anna gjennom fleire heilårsarbeidsplassar.

– Betre samspel mellom kultur, næringsliv og offentleg sektor er sentralt i strategien, og samarbeid på tvers kan skape meirverdiar, seier Røe Isaksen.

I 2018 var det ifølgje NHO nær 34 millionar gjestedøgn i Norge. Men veksten i talet på overnattingsdøgn har flata ut den siste tida, og reiselivsnæringa slit med låg lønnsemd og lågare driftsmarginar enn andre delar av næringslivet.

I den nye strategien sin prioriterer regjeringa fire satsingsområde:

Samspel mellom kultur og reiseliv, kunnskap og kompetanse, kulturelle reiseopplevingar, og profilering av Norge som kulturnasjon.

Forskingsrådet følgjer opp med å lyse ut 20 millionar kroner til forsking innan reiseliv og kulturturisme. Det er første gong det blir lyst ut pengar til dette med midlar frå Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet.

(©NPK)