Stod framfor hjullastaren og ordna knivane då det small:

– Eg har vore ufatteleg heldig

Han stod framfor hjullastaren og sjekka knivane til kantslåtten då det small. Resten hugsar ikkje Anders Kåre Roset noko av, før han kom til seg sjølv, mørbanka og blodig, sitjande i graset på andre sida av vegen.

Ufatteleg: – Eg har vore ufatteleg heldig, seier Anders Kåre Roset, som dreiv med kantslått og stod ute og ordna med knivane då hjullastaren vart treft av ein turistbuss i stor fart. Roset vart treft av hjullastaren og kasta fleire meter før han landa delvis i grøfta og delvis på asfalten. Sjølv hugsar han ingen ting av smellen, men er klar over at han har hatt alle marginar på si side. 

Nyhende

Anders Kåre Roset var på jobb med kantslått på rv 15 aust for Strynsvatn Camping for eit par veker sidan då ulukka hende. Han hadde akkurat vore ute og sett opp skilt om kantslått, og hadde sett seg inn att i hjullastaren til Presis veidrift då han kom på at han skulle sjekke knivane på aggregatet.