Midtsommarrock:

Klar for ei heilrocka helg i Stryn

For tredje året på rad arrangerast Midtsommarrock i Stryn sentrum. Fire band gjestar scena på den nye sentrumsplassen laurdag.

Gler seg: Adrian Lefdal arrangerer i år Midtsommarrock på Stryn sin nye sentrumsplass 22. juni. I år blir scena vendt mot Stryn Vertshus  Foto: Roger Oldeide

Ein tradisjon som har kome for å bli i Stryn

Nyhende

Banda som kjem til Stryn laurdag er Drusar frå Førde, Pikekysz frå Ørsta, Niterain frå Oslo, samt gjensyn med AC/DC-tributebandet Black Ice. Sistnemnde var i Stryn også i fjor, medan dei andre går på scena med eigen musikk.