Klar for islandsk handball

Neste stopp Island: Matea Lonac takkar for seg etter tre sesongar som målvakt for Stryn. No ventar handball på eit høgare nivå på Island for målvakta.  

Nyhende

Stryn sin målvakt for damelaget i handball dei siste tre sesongane, Matea Lonac, er klar for islandsk eliteserie.

Det er Gunnar Lindal Sigurdsson, tidlegare trenar for Stryn, som hentar den kroatiske burvoktaren. Sigurdsson tok over den islandske eliteserieklubben KA/Thor for eit par månadar sidan. Klubben vart nummer fem i serien sist sesong, og no blir Matea Lonac henta til klubben frå Akureyri.

– Eg forstod det slik at Matea ikkje skulle vere i Stryn neste sesong, og eg vil gje ho sjansen på eit høgare nivå. Ho er veldig sterk teknisk og har eigenskapar som person som eg vil ha på mitt lag. Ho har også konkurranseinstinkt, er treningsvillig, positiv og er ein ekte lagspelar, seier Sigurdsson til Fjordingen.