På tide med Garlid Tenden frå start?

I form: Johannes Garlid Tenden scora to mål mot Florø 2. No ventar ny kamp mot Bremanger.   Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Stryn spelte kanskje sin beste fotball for sesongen i 2. omgangen mot Florø 2 sist kamp. No vil laget byggje vidare på det gode spelet.

Det er bortekamp mot Bremanger som gjeld for Stryn komande laurdag.

– Eg er godt fornøgd med det vi viste i 2. omgang mot Florø 2, og vi kom til store sjansar som vi omsette i scoringar. Men det blir nok ein annan kamp mot Bremanger, trur trenar Geir Inge Rake. Bremanger er nemleg eitt av få lag i Kretsligaen som ikkje spelar heimekampane sine på kunstgras.

– Det er grasbane, og det er fysikk. Vi må ta hensyn til det, men kjem nok til å vidareføre 2. omgangen vi hadde mot Florø 2, seier Rake.

Rake må klare seg utan Jonas Denk, Julian Hove og langtidsskadde Vegard Sæten Hopland til kampen mot Bremanger.

Tenden i form

Johannes Garlid Tenden kom inn frå benken sist og kvitterte med to scoringar samt fleire positive involveringar. Kanskje 16-åringen fortener ein plass i startellevaren denne gong?

– Johannes har vore god på trening i det siste, i tillegg fekk han nok litt sjølvtillitt mot Florø i helga. Mest sannsynlig starter han, seier Geir Inge Rake.