Haugen-brødre på pallen i Besseggløpet

Besseggløpet: Kristoffer Haugen vann Besseggløpet, medan broren Rasmus Haugen vart nummer tre.  Foto: Privat

Nyhende

Brødrene Kristoffer og Rasmus Haugen frå Monkehåjen GT tok høvevis første og tredjeplass i Besseggløpet i helga.

Kristoffer gjekk til topps med tida 1.21.02 i det 14 kilometer lange løpet. Han var 1.20 minutt føre nummer to, Kjell Magnar Berli. Broren Rasmus Haugen sprang inn til tredjeplass, 1.45 minutt bak Kristoffer.

Dei tre første var i ein klasse for seg, og fjerdemann på resultatlista var over tre minutt bak Rasmus Haugen i mål.

Besseggløpet går i ulendt terreng, og hovudsakleg på grus og steindekke. Start og mål ligg på om lag 1.000 meter, og høgaste punkt på løypa ligg på 1.743 moh.

81 løparar fullførte løpet i herreklassen.