Tre førsteplassar til Ruben Alexander

Tre førsteplassar: Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL tok tre førsteplassar i Veidekkeleikane på Lillehammer.  

Nyhende

Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL imponerte stort då han tok tre førsteplassar i Veidekkeleikane i friidrett i helga.

14-åringen, som vart nummer to i lengde og nummer tre på 60 meter i Tyrvingleikane førre helg, har framleis godformen inne. Det viste han til fulle då han deltok i Veidekkeleikane på Lillehammer i helga.

60 meter

Laurdag opna Ruben Alexander med 60 meter. Olden-løparen vart klokka inn på tida 7,68 sekund, og han var klart føre nummer to og nummer tre. Tor Jakob Lien frå IL Norodd vart nummer to med tida 8,19. Per Antonio Kvisvik frå Straumsnes IL tok tredjeplassen med tida 8,27.

I forsøksheatet tidlegare på dagen fekk han notert tida 7,77 sekund og forbetra seg såleis med ni hundredelar i finalen.

Lengde

I lengdegropa søndag synte Ruben Alexander seg endå meir suveren. Her fekk han resultatet 5,63 meter, noko som ikkje er langt frå den personlege rekorden.

Nummer to, Tor Jakob Lien frå IL Norodd, fekk resultatet 5,14 meter, 49 centimeter bak Ruben Alexander. Nummer tre vart Henrik Haugen Vestrum frå Søndre Land IL med resultatet 4,87 meter.

100 meter

Ruben Alexander avslutta fri-idrettsstemnet på Lillehammer med 100 meter. Med tida 12,05 sekund i forsøksheatet var det klart for finale seinare på dagen. I finalen fullførte han «hat tricket» og vann sin tredje siger i helga med tida 12,00 sekund, noko som også var ei forbetring av personleg rekord med tre hundredelar. Axel Mathias Frei frå IL Norodd tok andreplassen med tida 12,12 medan tredjeplassen gjekk til Eirik-Andre Kristiansen frå Moss IL. Han fekk tida 12,55.

Ifølgje Olden IL si Facebookside må ein tilbake til 2008 for å finne liknande resultat av ein utøvar frå Olden. Den gongen vann Anders Muri 100 meter (11,85) og 200 meter (24,11) og han vart nummer to på 400 meter (54,02) i klasse 15 år.

Resultata til Ruben Alexander Eide Gjerde gav også mange poeng på Tyrvingtabellen. Tida 12,00 sekund på 100 meter gav 1.059 poeng på Tyrvingtabellen, medan tida 7,68 sekund på 60 meter gav 1.018 poeng. Over 1.000 poeng etter Tyrvingtabellen (friidretten sitt resultatmålverktøy i aldersbestemte klassar), blir rekna som eit framifrå resultat.