Mål nummer 400 for Oppstryn:

Scoringskongen Lars Guddal

Lars Guddal stod med 399 scoringar for Oppstryn før 6. divisjonsoppgjeret mot Tornado Måløy 2 på Lund stadion tysdag. Då dommaren bles av kampen var totalen komen opp i 402.
Nyhende

Det har berre vore eit spørsmål om tid, og 13 minutt ut i første omgang skjer det. Det «alle» har venta på. Lars Guddal, scoringskongen, set inn sitt mål nummer 400 for Oppstryn. Eskil Sørum Olsen, yngstemann på laget med sine 17 år, sender ein flott stikkar gjennom til Guddal. 44-åringen gjer ingen feil i kamp mot forsvaret og ein utrusande keeper. Ballen trillar mot det opne målet. Guddal, med nummer 10 på ryggen, løftar ein arm. Mål nummer 400 er eit faktum. 400 mål på 378 kampar i blått.