6. divisjon:

Serieleiar trass stortap

Serieleiar: Trass 1-5 tap held Hornindal og trenar Dagmund Evebø stand på tabelltoppen i 6. divisjon.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Trenar Dagmund Evebø måtte sjå at Hornindal gjekk på eit 5–1 tap borte mot Haugen i 6. divisjon fotball avd. 3 tysdag kveld.

Honndølene fekk ein dårleg start på kampen, og før ti minutt var spelt var stillinga 2–0 til Haugen. Vegard Åshamar Taklo reduserte til 1-2, men tre Haugen-mål sørga for ein komfortabel heimesiger.

Hornindal tek likevel ferie som serieleiar med 18 poeng, to poeng føre Oppstryn.