Allesøe ute med kneskade, comeback for Hammer

Kneskade: Kaptein Emil Allesøe er sett ut av spel grunna ein kneskade.  

Nyhende

Stryn må klare seg utan kaptein Emil Allesøe når Stryn møter Kaupanger i Kretsligaen fredag.

Allesøe fekk ein kneskade i Stryn 2 sin kamp mot Anga tysdag, og kapteinen er truleg sett ut av spel i lengre tid.

– Han var på røntgen på tysdag, men på grunn av hevelse må han ta nye røntgenbilde om ei veke. Kjedeleg å miste kapteinen igjen. Håpar det ikkje er alvorleg, og at han kan vere klar til haustsesongen, seier trenar Geir Inge Rake.

Jonas Denk, Ruben Garlid og Vegard Sæten Hopland er framleis ute med skade.

– Vegard trenar alternativt og viser framgang. Målet er at han er i god fysisk form og skadefri til haustsesongen, seier Rake.

Petter Hammer er derimot tilbake i trening og spelte for Stryn 2 tysdag.

– Han viser bra fysisk form og er i troppen, seier Rake.

Mathias Garlid er også tilbake i troppen etter at han ikkje spelte sist kamp.

Kampen mot Kaupanger er den siste før fotballferien. Stryn ligg på ein skuffande sjetteplass med 13 poeng, 14 poeng bak serieleiar Årdal. På sine 10 kampar står Stryn med fire sigrar, ein uavgjort og fem tap. To av tapa mot svakt plasserte Dale og Bremanger.