Melheim til European Youth Olympic Festival

Steffen Melheim, Olden IL.  Foto: Odd Sindre Tonning (arkiv)

Nyhende

Olympiatoppen har teke ut Steffen Melheim frå Olden IL til å representere Norge i European Youth Olympic Festival (EYOF) i Baku i Aserbajdsjan 21.–27. juli. Melheim skal delta i diskos. Stemnet omfattar ti ulike idrettar med 3.000 utøvarar frå 50 land.

– Vi er stolte over å ha fått med ein utøvar på dette arrangementet, skriv Olden IL på si Facebook-side.