I sommar kan du høyre dei legendariske Elvis-programma på Radio Stryn:

Stryning tett på Elvis

I sommar køyrer Radio Stryn ei ønskjereprise: Knut Sigurd Gald og Birger Meland sin programserie om Elvis Presley.

Tett på Elvis: – Det næraste eg kom Elvis var då eg fotograferte han på 3–4 meters avstand på ein av konsertane og då han køyrde ut gjennom porten i Graceland, fortel Knut Sigurd Gald. Her er legenda fotografert på scena av Knut Sigurd Gald i 1975.  

Nyhende

Kvar dag kl. 10.00 kan du på Radio Stryn på FM-bandet eller på nettradio (link øvst på Fjordingen si nettside) høyre dei legendariske programma frå 1989, «Elvis Presley i ord og tonar».

Reiste til USA

Knut Sigurd Gald er ihuga Elvis-fan, og han har nok kome tettare på rockelegenda enn dei fleste andre frå distriktet.

I Fjordingen kunne du i 2015 lese om turen han tok i 1975, saman med kameratane Hjalmar Rune Ripe og Kjell Terje Sviggum.

Fire Elvis-konsertar fekk dei med seg, og dei var også inne i Elvis sin heim på Graceland. Gald fekk også møte to av musikarane til Elvis frå 50-talet, gitaristen Scotty More og meisteren på slagverk, D.J. Fontana.

– Tidleg interesse

Interessa for Elvis kom allereie i 5-6-årsalderen med «Blue Hawaii», kan Gald hugse.

Då han kom til Oslo i 1974 og jobba i postetaten vart det verkeleg fart i Elvis-interessa. Her kom han inn i miljøet rundt Flaming Star som dreiv diskoteket Busy Butler i Vika. Kvar torsdag var det Elvis-kveld og rock ’n’ roll, fortel han.

Etter kvart vart han kjend med Kjell Terje Sviggum, som fekk meldt Gald inn i Elvis-fanklubben.

Det var Pål Granlund og kona som arrangerte turen til USA etter å ha fylt opp eit fly med 36 frå klubben. Kostnaden var 1600 kroner tur/retur Fornebu-New York. Derifrå vart det leigebil. Deltakarane køyrde mykje etter Elvis før sjølve konsertturneen.

– Tok oss inn i Graceland

Knut Sigurd og kompani kom først til Washington. Seinare vart Graceland samlingspunktet.

– Vi heldt oss rundt porten i Graceland nokre dagar og vart kjend med vaktene. Ein av dei var Vester Presley, onkel til Elvis, fortel Gald i intervjuet frå 2015. Her vart dei også kjende med Harold Lloyd, namnebror til komikaren. Han tok dei norske gjestene innanfor portane på rockelegenda sin eigedom.

Elvis-onkel: Knut Sigurd Gald saman med Vester Presley, Elvis Presley sin onkel og vaktkompani-sjef på Graceland, i 1975. 

– I 05-tida om morgonen 7. juli 1975 svinga Lloyd opp med ein pickup. Vi steig inn, køyrde og stoppa ved symjebassenget. Med ein «dirk» fekk han opna ei ytterdør, og vi kom inn. Han overraska oss verkeleg. Å kunne kome inn i huset var veldig uvanleg så lenge Elvis levde. Kanskje var det den ungdommelege sjarmen som gjorde utslaget! seier Gald, som den gongen var 19 år.

Skreik øyredøyvande

Knut Sigurd kan si rockehistorie, og meiner konsertane i -75 nok var av dei største Elvis leverte etter si glansperiode i -71-72. Då heldt han mellom anna 3–4 konsertar i Madison Square Garden.

– Det var instrumentalmusikk så det heldt. Under konsertane vi var på, var rundt 30 musikarar i sving på scena.

Publikum var ekstatisk.

– Damene skreik øyredøyvande. Det gløymer vi aldri! seier Gald.

i avisa: Den norske fansen sitt besøk var m.a. omtalt i Daily Mail Charleston 11. juli 1975. 

– Av musikken festa eg meg mellom anna ved «How great thou heart» (Store Gud), den einaste songen med nordisk bakgrunn. Det var alt frå tyngre til lettare rock som «Little Darling», religiøse songar og køntri.

Så nær: Elvis Presley på veg ut gjennom porten på Graceland, fotografert av Knut Sigurd Gald i 1975. 

Elvis Presley gjekk vekk så altfor tidleg som 42-åring i 1977, og Gald har forska i slekta hans:

– Elvis Presley er eit spennande namn. Utgangspunktet er tysk, og seinare vart namnet amerikanisert. Gjennom faren er det tyske aner, gjennom mora skotske og irske. Ja, det er også cherokee-bakgrunn og fransk.

Like etter at Radio Stryn starta opp på 80-talet, tok Knut Sigurd Gald saman med radiovert Birger Meland initiativ til ein serie program på nærradioen der dei skulle snakke om Elvis og spele platene hans.

I sommar kan du altså få gjenhøyr med serien på Radio Stryn.

Sitata i artikkelen er henta frå eit intervju utført av Ove Sveen i Fjordingen i 2015.