Hornindal Rundt:

Kan nokon slå løyperekorden frå 2014?

Arrangøren trur på ny deltakarrekord til landets hardaste terrengløp i år.

75 kilometer: Lang rekke opp mot Sætrehornet i Hornindal Rundt. Løpet går over 20 fjelltoppar og 5600 høgdemeter.  Foto: Kyle Meyr/Hornindal Rundt

Nyhende

I skrivande stund har over 240 personar meldt seg på, men nye påmeldingar kjem dagleg, og dei kjem frå heile verda.

I år går løpet laurdag 6. juli og det tiande gong løpet arrangerast. Nytt av året er at løpet på 38 kilometer har startområde ved Horndøla bru.

Hornindal Rundt sin Pressekontakt Svein Otto Espe, håpar at venelag eller bedriftslag vil melde seg på stafetten der det 75 kilometer lange ultraløpet er fordelt på fire etappar.

– Det er Norges tøffaste stafett og noko ein kan profilere seg med og skryte av å ha vore med på, seier Espe.

– Ein kamp mot seg sjølv

Terrengløparar frå heile verda kjem til vesle Hornindal for å kjempe seg gjennom 75 brutale kilometero og 5.600 høgdemeter i fjellheimen. Over ein slik distanse kjempar ein ikkje berre mot andre deltakarar.

– Dette løpet er og ein kamp mot deg sjølv. Eg er mektig imponert over alle dei som er med på dette løpet. For mange står Hornindal Rundt på Bucket-lista. Noko dei vil gjennomføre, fortel Espe som trur på deltakarrekord i år.

Vêret har kanskje noko å bety for talet på deltakarar, men dei tøffaste stiller til start.

– For skal du først springe 75 kilometer på fjellet så må du uansett vere tøff. Vi håpar å få 400 deltakarar i år. Det har vi sagt før, men vi har grunn til å håpe på deltakarrekord i år. Arrangementet har fått eit godt ry på seg ute i verda, seier Espe.

Han viser til at arrangementet har fått mykje skryt for organiseringa og løypemerkinga.

– I tillegg så stiller folk opp med drikke og mat langs løypa. Folk i bygda er flinke å stille opp for dette løpet, seier han.

Overlever løyperekorden frå 2014?

Ettersom løpet på 38 kilometer får ny løype i år, vil det uansett bli ny løyperekord. For 75 kilometeren kan det bli vanskeleg. Veldig vanskeleg. Lars Erik Skjervheim (Voss IL) sin knusande løyperekord frå 2014 på 8,52,30 timar står framleis. Han slo den tidlegare rekorden med ein time og 17 minutt (!)

– Vi er utan tvil Norges hardaste terrengløp, men kanskje i Norden og. Difor trekkjer vi til oss nokre av dei beste løparane i verda. Om rekorden blir slått i år står att å sjå, seier Espe.

Han legg til at dei er i rute når det gjeld løyper og snøforhold.

– Alt ligg til rette for den tiande utgåva av Hornindal Rundt, seier han.

Hornindal Rundt er inspirert av nokre turglade lokale karar som ville ta alle fjellpostane på under eitt døgn.

Ultraløpet går over 20 fjelltoppar og sluker 5.600 høgdemeter over 75 km.