Oppsynsmann Kåre Bruvoll Alme:

– Eventyrleg laksefiske i Olden

– Det er landa 64 laksar i juni i Oldenelva. Eit sjeldan godt resultat. Normalt for juni har vore eit tjuetals laksar siste sju åra, seier oppsynsmann Kåre Bruvoll Alme.

Storfangst: Anders Straumsheim landa 40 laksar på fire dagar.  Foto: Kåre Bruvoll Alme

Nyhende

Historia om laksefisket i Olden er lang. Men for nokre år sidan vart resultatet dårleg. I 2009 vart det landa berre 28 laksar gjennom heile sesongen.