God jul(i)!

Kalle: Snøen på Hoven har vorte ein turistattraksjon i seg sjølv. Her er Snømannen Kalle på plass på taket.  

Nyhende

Med temperaturar ned mot 3 grader i låglandet nattestid og snø ned mot 7-800 m vart det ein heller kjøleg inngang på den store sommarmånaden juli i indre Nordfjord.

Vinter: Det vart brått litt vinter på Hoven!  

Men for turistane ser ikkje snøen ut til å ha lagt nokon dempar på stemninga. Snøen på Hoven i Loen har blitt ein turistattraksjon i seg sjølv, der snømenn dukkar opp og unge tilreisande får si første erfaring med å lage snøballar og englar i snøen.

Snøføre: Snøføre for guidane i Via Ferrata Loen.   Foto: Torjus Loen/Loen Active

Ein entusiastisk cruiseturist, som kom med buss frå Nordfjordeid og reiste til topps med skyliften i Loen, la torsdag ut video på Instagram med ein begeistra tekst: – Vi fekk ikkje sjå så mykje utsikt, men borna fekk leike seg i snø - for første gong i sitt liv!

Første gong: - Vi fekk ikkje sjå så mykje av utsikta, men borna fekk leike seg i snøen for første gong! skriv turisten som la ut video på Instagram.  Foto: Stillbilde frå Instagramvideo