Legg inn ei ekstra økt i sommarferien

Ny tunnel: Førearbeid til ny Blaksettunnel.   Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Arbeidet med forskjeringa til tunnel på Blakset er noko meir utfordrande enn venta. Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Entreprenøren vil difor jobbe delar av ferien for å sikre at ikkje lause parti står att usikra.

– Over det planlagde tunnelpåhogget ved Robjørgane vart det avdekt eit område med dårleg fjell. Etter råd frå geolog valde vi difor å flytte påhogget med 25 meter, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

For å fullføre sikringsarbeida ved det nye tunnelpåhogget godt nok, både for dei som jobbar på anlegget og trafikantane, tek ikkje anlegget ferie som planlagt, men vil jobbe også i veke 28 og 30.

I veke 28 blir det arbeid frå måndag morgon til torsdag ettermiddag, det same i veke 30. Stengetidene blir som dei har vore den siste tida.

Statens vegvesen melder også at fylkesveg 698 vert stengd mellom Lote og Blekesvingen i inntil to timar, natt til fredag denne veka. Grunna vedlikehaldsarbeid blir vegen periodevis stengd frå torsdag kl. 23:00 til fredag 5. juli kl. 06:00.