Gaupa 4H fekk overrekt 100.000 kroner:

Planlegg fjordbase med utestove ved Heimlund

Fornøgde 4H-arar: Marte, Sigrid, Thomas, Andreas, Jardar, Marcel, Emma, Magnhild, Julia, Aksel og Silje i Gaupa 4H i Innvik, Utvik og Tistam, glade vinnarar av 100.000 kroner til naturmøteplass ved Heimlund.  Foto: Harald Røyrvik/Gaupa 4H

Nyhende

Gaupa 4H vart ein av fem heldige i Sogn og Fjordane som har fått tildelt 100.000 kroner frå Gjensidigestiftinga til ein draumeplass. Den synlege sjekken og overrekkinga skjedde fredag 21. juni i Heimlund.