Oldedagane:

Møteplass for store og små

Oldedagane har funne sin resept, og komande helg er det kjende programpostar som ventar publikum.

Oldedagane: Ketil Finsås Hansen er leiar komiteen for Oldedagane. Han er bygdeutviklar og leiar for Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen. No gler han seg til å ønskje folk velkomne til Oldedagane i helga.  Foto: Roy Aron Myklebust

Det viktigaste er å legge til rette for at folk kan møtast

Ketil Finsås Hansen

Populær revy: Olderevyen i 2017, Høy på landet, vart godt motteke blant publikum. I år der det sjølvsagt ny revy.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Ja, det blir god, gammal oppskrift, seier Ketil Finsås Hansen hos arrangøren.

Helga startar som vanleg med den populære frukostserveringa i Helsetunet, arrangert av Bygdekvinnelaget. Her blir det også kunst- og handverksmesse. Det er òg blitt tradisjon med kyrkjekonsert søndagen, i år med Edgar Paulsen som spelar Jim Reeves i gamlekyrkja.

Verdsmeisterskap

Oldedagane vidarefører VM i marshmallow-kasting. Her kan folk bryne seg på André Opheim sin rekord på 37 meter!

Flaskeløpet er ein annan aktivitet som held fram. Nummererte flasker seglar frå Bruvoll-brua og til brua i sentrum, og første flaske i mål avgjer kva som er vinnartalet.

«Stranda i Olden»

Olderevyen er eit høgdepunkt for mange, og både fredag (generalprøve) og laurdag er det høve til å få trimma lattermusklane.

– Revyen, «Stranda i Olden», er under innsegling, og eg reknar med den kjem trygt i hamn til Oldedagane. Vi kan love god seglingshøgde, smiler Ketil Finsås Hansen i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, som er klar på at Oldedagane har eitt føremål, viktigare enn noko anna:

– Det viktigaste er å legge til rette for at folk kan møtast.

Mange aktivitetar

Laurdag på dagtid kan ein sjå ein talentiade på sentrumsscena, det blir leikar for dei minste, konsert ved Olden Hornmusikk og det blir vist historiske brudekjolar i Helsetunhagen. Det blir også høve til å delta på friidrettsleik på idrettsbana, melder arrangøren.

Kunstutstilling blir det høve til å sjå i Helsetunet både laurdag og søndag.