– Har innført 70-sone over Langesethøgda

Statens vegvesen har no innført 70 km/t som fartsgrense på strekninga over Langesethøgda og forbi Vegtun. Den nye fartsgrensa er permanent.

70-sone: Rv 15 over Langsethøgda har blitt 70-sone. – På ulukkesbelasta strekningar er det eit verkemiddel å setje ned fartsgrensa til 70 km/t. Ikkje med omsyn til at det kan skje ulukker, for ulukker kan skje over alt, men med bakgrunn i at det har skjedd faktiske ulukker, seier Svenn Egil Finden frå Statens vegvesen.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Vegvesenet har tidlegare gått imot søknad om innføring av 60 km/t-grense på Langesethøgda.