Ungdomshusa, vår frilynde arv - del 2:

Frendehall

Ungdomshuset Frendehall ligg litt oppe i Blaksetbygda, like inntil fylkesvegen. Ein smidd «vimpel» over «ljoret» i taket, viser årstalet 1922. Ja, ljore i taket, dette er særmerkt! Dette var andre delen av ein serie om ungdomshusa våre, forfatta av Kåre Jens Nygård. I neste del skal vi på fest i Heimskringla.

Blakset: ”Frendehall”, Blakset. Foto: K.J.N. 

I ungdomshuset blei vi enten oppfordra eller trekt ut. Trekt blei gjerne også oppgåva. Dette gjekk det sport i, og like gjerne som å våge seg fram på golvet å by opp til dans, fekk vi vekt vår eigen sjølvtryggskap, noko som har kome godt til nytte for ettertida. Det viste seg at ungdomen sine evner og intelligens, ikkje berre låg i fjøs og gardsarbeid!

Nyhende

Elles særmerker huset seg med at det er snekra ein flake, samansett av fyllingar i mønster, over heile sceneopninga, styggtung som den er, heisast den opp med handvinsj.