Vest Hotel Holding har investert 10 millionar kroner i hotelloppgradering i Stryn og Lærdal:

Har pussa opp to heile etasjar

Stryn Hotel har gjennomgått ei solid oppgradering siste halvåret. Siste helga i april kunne hotellet ta i bruk 48 nyoppussa rom. Responsen har ikkje late vente på seg.

Elva: Superior-romma har balkong mot Stryneelva, og har også fargepalett som gjenspeglar elva utanfor. Ekornes har stått som leverandør av møblementet. 

Seks rom i 2. etasje har fått superior-status, her har det blitt balkong som vender ut mot Stryneelva

Nyhende

– Vi ser at vi får auka score på nettanmeldelsar, og vi har også auke i belegget, seier hotelldirektør Ole Kristian Nedberge til Fjordingen.