Ny norsk rekord av Steffen Melheim

Steffen Melheim presterte eit nytt rekordkast på Bislett Stadion i går kveld.

Blant seniorane: Steffen Melheim, enno ikkje fylt 16 år, kasta seniordiskosen heile 51,10 under elitestemnet Boysen Memorial på Bislett fredag kveld. Det var ny, aldersbestemt norgesrekord.  

Nyhende

Kasttalentet frå Olden IL kasta seniordiskosen heile 51,10 på elitestemnet Boysen Memorial på Bislett fredag kveld.

– Det er ei forbetring av hans eigen aldersrekord frå tidlegare i år, som var på 48,79, fortel teknikktrenar Jørund Årdal.

Kastet heldt til ein imponerande 6. plass i selskap med seniorane for kasttalentet frå Olden. Vinnar var Fredrick Dacres, Jamaica med 68,58.

– Sjølv om Steffen enno ikkje har fylt 16 år, er han likevel no nr. 7 på den norske senior-årsstatistikken i diskos, fortel Hans -Petter Galtung frå Olden IL.

Boysen Memorial på Bislett gav dermed signal om at Melheim ligg godt an framfor nye, store utfordringar.

– Steffen er i god rute før Ungdoms-OL, som han skal delta på i slutten av månaden, seier teknikktrenar Jørund Årdal.