Hermine, Malin og Ingeborg deltok på stor talentleir i fotball

Tre jenter frå indre Nordfjord deltok tidlegare i veka på Equinor sin talentleir i fotball for 14–16 åringar.

Talentleir: Tre jenter frå indre Nordfjord har delteke på Equinor sin talentleir i Porsgrunn denne veka. F.v. landslagsspelar Guro Reiten, Hermine Kjøsnes, Malin Tjellaug (begge Stryn), Ingeborg Sofie Sætren (Hornindal) og Håkon Grøttland, fagansvarleg landslagsskulen.  

Nyhende

Hermine Kjøsnes (Stryn), Malin Eikenes Tjellaug (Stryn) og Ingeborg Sofie Sætren (Hornindal) har fått prøve seg mot nokre av dei beste jentespelarane i alderen 14–16 på talentleiren i Porsgrunn. Undervegs har dei blitt inspirert av dei gode prestasjonane til kvinnelandslaget i VM.

Kvinnelandslaget sin innsats i VM i Frankrike har vore svært motiverande for talenta frå Stryn og Hornindal som er handplukka av Norges Fotballforbund til å delta på talentleiren. På leiren fekk jentene tips av landslagsspelar og komande Chelsea-proff Guro Reiten som nyleg kom tilbake frå VM-sluttspelet.

– Det er imponerande å sjå det nivået som desse jentene viser, og det lovar godt for dei norske landslaga si framtid. Eg er imponert over den enorme lysta til å lære som Stryn- og Hornindal-jentene har vist på talentleiren. Eg reknar også med at A-landslaget sine prestasjonar under VM i Frankrike har inspirert dei ekstra mykje, seier Guro Reiten som er mentor på samlinga.

80 talent deltok

På leiren deltok om lag 80 av dei mest lovande fotballtalenta i Norge. Både J15-landslaget, eit skyggelandslag sett saman av 15-åringar, samt eit skyggelandslag med 16-åringar og to troppar med 14 år gamle talent var tekne ut basert på ferdigheiter, haldningar, læringsvilje og sosiale eigenskapar.

– Felles for alle som er tekne ut er at dei er vurdert til å vere blant landets aller største talent. Vi har teke ut desse spelarane fordi vi meiner dei har nokre eigenskapar som på sikt kan gjere dei til ein av «morgondagens heltar». Dagens heltar har gjort eit fantastisk godt VM og er like fantastiske førebilete for jentene som er her i Porsgrunn. Dei viser jentene at det er muleg å skinne på den internasjonale scena om dei jobbar hardt, seier fagansvarleg for landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland.

Fakta om talentleiren

– Talentleir for Norges mest lovande fotballspelarar mellom 14 og 16 år

– Arrangert i perioden 29. juni til 3. juli i Porsgrunn

– Eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Equinor sitt talentprogram Morgendagens Helter

– Øvste nivå i Norges fotballforbund sin landslagsskule, som har som mål å drive systematisk talentutvikling for å danne Norge sine framtidige landslag

Malin Ness (Kaupanger) og Maia Lindesteg Øen (Førde) deltok også frå Sogn og Fjordane.