Imponerande spansk flue

Frå Fjordingen sitt arkiv.

Praktfull scene mot slutten av stykket: Frå venstre ser vi Wimmer (Odd Rune Flo), Anton Tiedemeyer (Martin Sandal), sennepsfabrikant Klinke (Roy Aron Myklebust), Emma (Anne Roksvåg), Paula (Sigrid Berge; mathilde Meisel (Rita Gald), Gottlieb Meisel (Einar Næs), riksdagsmann Burwig (Stig Rune Egge), Henrik Meisel (Roar Nybø), Betty Burwig (Jannicke Brynestad). Dessutan var desse med: Advokat Fritz Gerlach (Jørn Erik Kireeide) og tenestejenta Marie (Aud Elin Fjellkårstad).   Foto: Ove Sveen (faksimile frå Fjordingen)

Nyhende

Fjordingen for 25 år sidan:

9. klassingane ved Stryn ungdomsskule imponerte stort med «Den spanske flue» i kulturhuset. Sjeldan har instruktør Mathias Lunde hatt meir talentfull teaterungdom å jobbe med.

Klinke (Roy Aron Myklebust) demonstrerer eksotisk spansk dans for Henrik (Roar Nybø).   Foto: Ove Sveen (faksimile frå Fjordingen)

– Vi har øvd sidan påske, seier hovud-rolleinnehavar Roy Aron Myklebust. Replikkane hans var ikkje få i dette stykket. 16-åringen har ikkje tenkt å slå seg på teater, men skal likevel på scena igjen i det historiske stykket «Kristi gjev eg var der soli renn».

Oh la la, mia bella! seier Wimmer (Odd Rune Flo) til det han trur er sin gamle spanske flamme, det endar med ein susande øyrefik frå Fru Meisel (Rita Gald).   Foto: Ove Sveen (faksimile frå Fjordingen)