Lovande bringebærsesong

Sesongstart: Bringebærsesongen er i gang med første kassane på veg til Oslo.Dagleg leiar for Innvik Fruktlager Anita Roset saman med Eivind Engeset og t.v. Wald Lyslo som er leverandør.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Låg temperatur har ført til at starten på bringebærsesongen ligg litt etter ruta, men det ser til å bli eit år med god kvalitet og god avling.

Første bæra kom frå Rake så tidleg som 23.juni. Så langt er det berre bær frå tunnel, men i dag fyller dei også første korgene på friland.

Innvik Fruktlager reknar med å ta inn mellom 450 og 500 tonn før sesongen er over. Vona er at det kjem litt meir varme i lufta.