Payton Otterdahl? Ja, han stammar frå Hornindal!

Du såg kanskje amerikanske Payton Otterdahl, ein av verdas beste kulestøytarar, i Diamond League? Og dersom du lurte: Ja, han ættar frå Hornindal.

Moro å få vite: Ja, Payton Otterdahl, kulestøytar og kraftkar, ættar frå Otterdal. – Utruleg moro å få vite kvar namnet kjem frå! Eg visste eg ætta frå Norge, men ikkje meir enn det, seier utøvaren. PS: Og for dei som måtte minnast ei historie om ein viss Springsteen som skulle stamme frå Hornindal: Denne gongen er det ingen aprilspøk!  Foto: Frå Facebook etter løyve frå Payton Otterdahl

Nyhende

– Såg du TV-sendinga frå Diamond League-stemnet i California 30. juni la du kanskje merke til den amerikanske kulestøytaren Payton Otterdahl (vart nr. 8), og lurte på om han ætta frå Hornindal? Det gjer han. Tipp-tipp oldefaren var Botolv Rasmusson frå bruk nr. 4 i Otterdal, fortel Jostein Lillestøl, Fjordingen-lesar med stor interesse for slektsforsking.