Vellukka løpsfest i fjellheimen:

Sjå glimt frå den 10. utgåva av Hornindal Rundt

Nyhende

Jubileumsutgåva av Hornindal Rundt hausta mange lovord frå deltakarane, og trass ferskt snøfall på dei høgste toppane og lunkne sommartemperaturar, var det god deltaking frå lokale sprekingar og internasjonale storheiter i både kort og lang løype.