To løysingar for gangveg i Olden?

Gangveg: Stryn kommune ser på to løysingar når det gjeld gangveg frå cruisekaia til Olden Cruisepark.  Foto: Ove Sveen (arkiv)

Nyhende

Stryn kommune ser på to løysingar når det gjeld gangveg frå cruisekaia til Olden Cruisepark.

– Alternativa er ei flyteløysing eller utfylling. Nordfjord Havn har signalisert at arbeidet med gangveg kan starte etter at cruisesesongen er over. Forhandlingar med grunneigarar må uansett til, seier ordførar Sven Flo.