Kommunen tek slåtten

Kommunen tek slåtten ved Heradsheim også i framtida. 

Nyhende

Fjordingen hadde i går ei sak om plenen ved Heradsheim og kven som burde ta seg av slått og stell av denne. Til no er det kommunen som har gjort jobben for Stiftinga Heradsheim, men har i brev til stiftinga stilt spørsmål ved ordninga, noko som fekk styreleiar Knut Henning Hjellbakk til å reagere.

No kan Hjellbakk fortelje at alt er i den skjønnaste orden og det er semje mellom stiftinga og kommunen om at dei held fram med å gjere dette, og det vil kome ei meir formell avtale på plass for både slått og andre forhold som vedkjem dei to partane.