Skjenkeløyve i Groparken

Groparken er parkområdet ved industribygget Gro-bygget. Ny scene er på plass sidan dette bildet vart teke.   Foto: Hans Holmøyvik (arkivfoto)

Nyhende

Hornindal Næringslag får skjenkeløyve for to arrangement i Groparken under Kulturdagane 2019. Skjenkeløyvet omfattar øl og vin og gjeld for fredag 2. august og laurdag 3. august. I retningslinjene til kommunen står det m.a. skjenkeløyve ikkje skal gjevast i samband med tilstellingar der born og unge under 18 år har tilgjenge. Kommunen presiserer difor at regelen blir handheva strengt og at det difor må haldast kontroll med aldersgrensa ved arrangementa.