Spørsmål om bustadkjøp toppar lista

Forbrukarrådet har det første halvåret av 2019 opplevd ein markant auke i førespurnader om bustadkjøp. Også spørsmål om bruktbil og husleige er det mange av.
Nyhende

Totalt har Forbrukarrådet gjennom dei seks første månadane fått inn 28.125 spørsmål til rettleiingstenesta si.

Spørsmål om bruktbustad auka med 58 prosent og spørsmål om oppføring og kjøp av ny bustad auka med 54 prosent frå same periode i fjor.

– Vi veit ikkje kvifor fleire tar kontakt med oss om bustadkjøp. Det kan vere ei følgje av debatten rundt revisjon av lova for kjøp av bruktbustad, der vi har fått igjennom at kjøpar skal få betre informasjon om bustaden før kjøp enn tidlegare, seier leiar for forbrukardialog Pia Cecilie Høst.

Spørsmål om husleige auka med 45 prosent og om handverkartenester med 41 prosent, viser tala frå første halvår.

Førespurnader om flyreiser auka med 31 prosent samanlikna med året før. Det trur Høst mellom anna kjem av problema med Boeing Max-flya og SAS-streiken.

For nokre av førespurnadene gjekk talet på spørsmål òg ned. Talet på spørsmål om bruktbilkjøp gjekk til dømes ned med 22 prosent, medan spørsmål om IKT-produkt gjekk ned med 15 prosent.

(©NPK)