Opparbeiding i Utvik etter 2017-flaumen:

Vil lytte til folket i Utvik

Ordførar Sven Flo forsikrar folk i Utvik om at kommunen held fast på krav om gangbru over Storelva.

Samde: Utvik utviklingslag ved Ellen Hilde Hauge og Remi Williams vil ha gangbru over Storelva. Ordførar Sven Flo seier kommunen lyttar til folket i Utvik og står på krav om gangveg/gangbru.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Remi Williams og Ellen Hilde Hauge frå Utvik utviklingslag tok med ordføraren på omvising langs elveleiet sist veke. Ordførar Sven Flo fekk orientering om framdrifta som skal gjere at folk kan leggje flaumen bak seg.