«Perler av elde» fekk urpremiere på Førdefestivalen:

Gamle musikkopptak inspirerte til ny produksjon

Britt Pernille Frøholm og Helge Sunde er to av musikarane som har dykka ned i musikkarven vår, og presenterte ein ny og annleis produksjon under Førdefestivalen i helga.

Ny produksjon av gamle musikkopptak: Musikarane Britt Pernille Frøholm (t.v.), Viljar Losnegård, Marita Vårdal Igelkjøn og Helge Sunde besøkte i april fylkesarkivet for å finne materiale som skapte grunnlaget for ein heilt ny produksjon under Førdefestivalen, «Perler av elde». Urpremieren fann stad under Førdefestivalen fredag 5. juli.   Foto: Arve Ullbo/Førdefestivalen

Nyhende

Kva skjer når fire musikarar får dykke ned i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling med meir enn 16.000 lydopptak gjort frå 1921 og fram til i dag?