Trafikkulukke på Gjørven

Ein personbil og ein motorsykkel var involvert i ulukka. Motorsyklisten vart send til legevakt for undersøking.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Politiet Vest melde i 13.30-tida om ei trafikkulukke på rv 15 på Gjørven i Stryn.

- Samanstøyt mellom personbil og motorsykkel. Motorsyklisten er bevisst, opplyste politiet på Twitter.

Naudetatar rykka ut til staden. Motorsyklisten vart send til legevakt for undersøking.

Politiet var på staden og dirigerte trafikken.

- Det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Ein bil skulle svinge av vegen, bilen bak har stoppa og vart deretter påkøyrt bakfrå av ein motorsykkel, seier politibetjent ved Stryn og Hornindal lensmannskontor, Vegard Dale