Visste du at Tenden-leikebilar har blitt europeiske samleobjekt?

Nordfjordingar på tur vart nyleg overraska over å finne dei blå Tenden-bilane som modellbilar i butikkhyller i Tyskland.

Overraska: Nordfjordingar på tur vart overraska over å sjå Tenden-leikebilar i butikkhyllene i Flensburg.   Foto: Hege Lothe

Nyhende

– I Tyskland kan du få kjøpt leikelastebilar frå Tenden! skreiv Hege Lothe frå Gloppen på Facebook, og posta eit bilde av eit umiskjenneleg Tenden-vogntog i ei butikkhylle.

Endå meir i Nederland

– Visste du at det vert seld Tenden-leikebilar i Tyskland, Rolf Olav Tenden, dagleg leiar ved Thor Tenden Transport?

– Ja, eg visste det. Det vert selt endå meir i Nederland, faktisk.

Det er verksemda Tekno Collectables som står bak modellbilane.

Den tradisjonsrike verksemda starta med produksjon av modellastebilar i 1928.

Tekno: Tekno Collectables har produsert modellbilar sidan 1928. Eit raskt nettsøk viser at dei har fleire Tenden-modellar. Nokre er vanskelege å få tak i. - Vi har faktisk kome på ei europeisk samlarliste. Utruleg moro det! seier Rolf Olav Tenden.  Foto: Skjermdump

I dag finn du dei mellom anna med nettbutikk. Der finst det faktisk fire forskjellige Tenden-modellar, men ikkje alle er mogeleg å kjøpe gjennom nettbutikken lenger.

– Nokre har rett og slett blitt vanskeleg å få tak i, og har blitt ettertrakta objekt på marknaden?

– Ja, vi har faktisk kome på ei europeisk samlarliste. Veldig moro!