Markane hjortevald klagar til Fylkesmannen:

– Eigenrådig miljøvernleiar

Nedstryn og Markane hjortevald har fått avslag på sine bestandsplanar. Dette fordi dei ikkje vil innlemme Bø og Vik i planane. Markane klagar avslaget inn til Fylkesmannen.

Ikkje godkjent: Korkje Nedstryn eller Markane hjortevald fekk godkjent sine bestandsplanar. Årsaka var at dei ikkje ville innlemme Bø og Vik i desse. Valda har klaga til kommunen på vedtaket. Markane har gått heilt til Fylkesmannen med si klage. foto: inge fænn (arkiv)  Foto: Inge Fænn

Nyhende

I samband med godkjenning av nye fireårs bestandsplanar har Stryn kommune freista å innlemme Bø og Vik i høvesvis Nedstryn og Markane hjortevald. Begge valda har motsett seg dette og konsekvensen har altså vore avslag på søknad om godkjent bestandsplan.