2019 kan bli eit kantarellår:

– Skogen er full av gull

Kantarell   Foto: Gorm Kallestad

Nyhende

Årets soppsesong kan bli aldeles glimrande, ifølgje soppekspert Kolbjørn Mohn Jenssen.

Sør i landet har kantarellen poppa opp mange stader.

– Det ser veldig bra ut. Det har allereie byrja å komme mykje kantarellar, seier Jenssen til NTB. For mange kan dette vere lyspunktet i ein så langt kjølig og regnfull sommar mange stader. Mykje nedbør er nemleg det aller beste kantarellane veit.

– Glimrande I tillegg har det komme uvanleg mykje sjampinjong. Røyrsopp og kremler har òg komme tidleg i år, kanskje på grunn av den varme sommaren i fjor, ifølgje Jenssen.

– Vi har lurt på korleis fjorårets varme ville påverke sopptrådane i bakken. Men det vi hittil har sett, er at dette har gått veldig bra, seier han. – Det kan bli ein glimrande sesong. August og september er jo vanlegvis den gode soppsesongen, men med all nedbøren har årets sesong starta tidlegare.

Mest i sør

Også steinsoppen, av mange soppelskarar rekna som sjølve kongen i soppriket, har byrja å komme. Steinsopp, særleg den raudbrune typen, trivst godt i furuskog. Piggsoppen kjem vanlegvis litt lenger ut i sesongen. Så langt er det mest sopp å finne i kystområda frå svenskekysten og oppover til osloområdet og nedover mot Sørlandet.

Også lenger nord har både røyrsopp og kremler dukka opp, men der må ein nok vente litt lenger på kantarellen, ifølgje soppeksperten frå Mycoteam. Dei som jaktar på gullet til skogen, bør følgje lysopne stiar i eldre granskog og blandingsskog. Kantarellen trivst nemleg best der trea ikkje står for tett. Og har ein først funne ein kantarellstad, kan ein trygt søke tilbake.

Soppkontroll

– Ein kantarellstad kan bestå i generasjonar. Sopptrådane ligg langt nede i bakken, seier Jenssen – som hevar peikefingeren til ei mild formaning:

– Vit kva du et. Soppforgiftingane har òg byrja å dukke opp, seier han. Den som vil vere heilt sikker på kva som er i soppkorga, kan sjekke på soppkontroll.no. Der kan soppen sjekkast digitalt, og ein kan få informasjon om kvar det er etablert fysiske soppkontrollar.

(©NPK)