Bubilar fyller opp rasteplassane

Stappfullt av bubilar: Onsdag morgon var det ikkje ein ledig plass på Statens Vegvesen sin rasteplass på Kråka i Olden, sidan bubilane fylte opp heile plassen.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Vegvesenet har sett forbod mot å parkere meir enn to timar på to store rasteplassane i Møre og Romsdal melder NRK.

Det gjeld rasteplassen ved Trollveggen og ved Bergsøysundbrua på Atlanterhavsvegen. Dei har sett seg lei på at bubilane fyller opp rasteplassane, ofte i fleire dagar.

Bubilfolket ynskjer svenske tilstandar der det er skilta max 12 eller 24 timar. På lista over situasjonen i Sogn og Fjordane at det er ingen planar om restriktiv skilting, men det er sterkt press på Kråka mellom Loen og Olden. På Svidalsneset i Jølster er innført mellomvels skilt om forbod mot camping.

Onsdags morgonen var det heilt fullt av bilar som kunne fått plass på etablerte campingplassar. Eit skilt her ville nok blitt helsa med glede frå næringa, og også andre vegfarande.