Døypte nordfjordbåten til Færulf

Nordfjordbåten Færulf vart høgtidleg døypt på familiedagen ved Nordfjord Folkemuseum onsdag.

Båten «Færulf» i ein høgtidleg dåp utført av Gloppen- ordførar Leidulf Gloppestad under familiedagen på Nordfjord Folkemuseum onsdag. Båten er bygd som del av eit prosjekt for å halde tradisjonen med bygging av nordfjordbåt i hevd.   Foto: Nordfjord Folkemuseum

Om lag 130 møtte opp til hesteriding og andre aktivitetar på familiedagen på Nordfjord Folkemuseum på Sandane sist onsdag.  Foto: Nordfjord Folkemuseum

Nyhende

Båten «Færulf» fekk sitt rette namn under ein høgtidleg dåp av ordførar i Gloppen kommune, Leidulf Gloppestad.

Båten er bygd som del av eit prosjekt for å halde tradisjonen med bygging av nordfjordbåt i hevd. Båten er bygd av Andreas Mardal, i samarbeid med Kristen Arnestad.

Familiedagen på folkemuseeet på Sandane onsdag samla rundt 130 personar, både små og store.

– Det var god stemning og skikkeleg sommaridyll i friluftsmuseet. Born og vaksne var ivrige på å steike potetkaker på vedfyrt takke og snekre båtar som dei kunne teste ut i det store vasskaret.

- Nokre var også innom Holvikejekta for omvising, og fleire let seg imponere over å sjå stampa i sving. Den vart brukt til å tove eller mjukgjere ullstoff i tidlegare tider, og det er eit massivt syn, om enn noko bråkete, som møter ein. Byggverket og konstruksjonen som får alt dette vil å fungere er verkeleg noko for seg sjølv, fortel formidlingsleiar Eva Marie Felde ved Nordfjord Folkemuseum til Fjordingen.