Fleire merknader i kontroll på Utvikfjellet

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Statens vegvesen hadde onsdag trafikkontroll på fv 60 Utvikfjellet.

Totalt var 19 køyretøy innom kontrollplassen og alle vart kontrollert nærare.

Ein førar av eit vogntog blei meld til politiet på grunn av brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid. I tillegg vert transportføretaket kalla inn til føretakskontroll. ein førar av ein utanlandsk turistbuss fekk skriftleg advarsel for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid, og det blir sendt anmodning til myndigheitene i heimlandet om føretakskontroll.

Vidare fekk fire køyretøy bruksforbod, eitt for manglande dokumentasjon på godkjenning til å transportere farleg gods og for manglar med dokument som skal følgje med under transport av farlig gods. I tillegg fekk køyretøyet bruksforbod på grunn av manglar med sikring av lasta.

Ein tilhengar fekk bruksforbod på grunn av for svake bremser, ein tilhengar fekk bruksforbod på grunn av manglande sikring av lasta, og til sist fekk eitt køyretøy bruksforbod på grunn av manglande PKK kontroll, her vart og kjennemerka inndrege.

Ein førar av eit vogntog fekk 1.500 kroner i gebyr for manglande bruk av bilbete. To køyretøy fekk skriftleg mangel på lys, melder Statens vegvesen i sin kontrollrapport.