Statens vegvesen:

Forbyr overnatting på rasteplassar fleire stader

Bubilar som står fleire døgn ved norske rasteplassar er eit problem Statens vegvesen vil til livs. No blir det forbode å overnatte fleire stader.
Nyhende

Statens vegvesen tar grep og vil nekte parkering over to timar på to av rasteplassane i Norge.

Dette er rasteplassar der Vegvesenet oppfattar bubilcamping som eit stort problem, skriv NRK.

– Vi skiltar no rasteplassane på Skjevlingsneset ved Bergsøysundbrua og rasteplassen ved Trollveggen i Romsdalen med maks to timars parkering. Det skal vere nok til at folk får kvilt seg, får raste og sett seg rundt. Men dette er ikkje nokon campingplass, seier Torgeir Bye i Statens vegvesen til kanalen.

Fleire bubilturistar som NRK har snakka med, fortvilar over innstramminga og ønskjer framleis å campe gratis.

Bye i Vegvesenet seier det generelt er greitt med overnatting eitt døgn. Problemet er at folk blir ståande ei veke.

Av rasteplassane i Norge som er eigd og drifta av Statens vegvesen, er det berre ved reiselivsikonet Trollveggen, ved flytebrua på KRIFAST-sambandet og på Svidalsneset i Jølster at Vegvesenet innfører ny skilting for å få vekk bubilane.

(NPK)