LO sin sommarpatrulje:

Besøkte 50 lokale bedrifter

Sindre Hornnes og Thor Erlend Mehammer i LO sin sommarpatrulje besøkte 50 bedrifter. Alt i orden hos Europris i Stryn der Astrid Bjørke er sommarvikar i butikken.   Foto: Sindre Hornnes

Nyhende

8. juli var LO sin sommarpatrulje på besøk i Stryn. Sindre Hornnes og Thor Erlend Mehammer besøkte 50 bedrifter.

Mange unge er ikkje klar over arbeidsrettane sine. Difor har LO sin sommarpatrulje gjennom 34 år, passa på at dei unge sommarhjelpene får dei rettane dei har krav på i arbeidslivet.

– Korleis blir de mottekne?

– Vi får ein fin velkomst over alt, seier dei.

– Korleis er resultatet?

– Når det gjeld kontraktar og lønsslippar, er det stort sett bra. Oftast oppdagar vi brot på opplæring i brannsikring og t.d. ran. Vi forstår at bedriftene er inne i ein hektisk periode med avvikling av ferie og travle dagar. Det er ofte grunnen til slike avvik. Men dei er glade for at vi minner dei på det. Og som regel blir desse manglane ordna.

- I all hovudsak er det meste greitt i Stryn. Generelt kan vi seie at vi merkar at ungdomen i dag får for lite opplæring i skulen om arbeidslivet. Det blir kutta i pensum og skuleungdomen veit lite om kva rettar dei har. I Stryn opplevde vi at alle treivst i jobbane sine. Mange kjem tilbake år etter år avsluttar, Sindre Hornnes.