Ferdig freda om eitt år

Fylkeskommunen har utarbeidd ein framdriftsplan for fredinga av Singerheimen. Går alt etter planen skal fredinga markerast i september neste år.

Fredingsfest: Dersom ting går som planlagt ser ein føre seg å markere ei freding av Singerheimen om eit drygt år.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Ifølgje eit brev frå fylkeskommunen er framdriftsplanen utarbeidd i samarbeid med Stryn kommune og Riksantikvaren. Det vert mellom anna lagt opp til eit ope informasjonsmøte i Olden i slutten av september, og her vil fylkeskommunen, Stryn kommune og Musea i Sogn og Fjordane stille.