Har beslaglagt førarkortet etter tunnelkrasj

Bilen køyrde i fjellveggen i Kjøshammartunnelen (Illustrasjonsfoto)  Foto: Arkiv

Nyhende

Laurdag morgon i 07-tida køyrde ein bil med tilhengar inn i fjellveggen, inne i Kjøshammartunnelen mellom Kjøs og Grodås.

Det skal ikkje vere meldt om personskade for dei to som var i bilen.

Politiet har vore i kontakt med føraren av bilen i etterkant av ulukka.

- På bakgrunn av undersøkingar og funn på ulukkesstaden, vart det bestemt å beslaglegge førarkortet til føraren, seier vakthavande ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Eitt køyrefelt har vore stengt medan bergingsarbeid pågår, melder Statens vegvesen.

Det er mindre skader i sjølve tunnelen.