Jostedalsbreen Nasjonalparksenter:

Mykje nytt og spennande

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har mykje nytt og spennande å vise fram. I fokus står nasjonalparken, bre, skred, historie og fuglar, dyr og plantar.

Ambisjonane er å ha hovudfokus på skred og naturfare

Wenche Nesje, dagleg leiar
Nyhende

– Vi har endra profil i butikken og teke inn mykje litteratur om flora, fauna, dyr, skred, ski og fuglar. Bøker både for born og vaksne. Vi merkar at det er populært, seier dagleg leiar for Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Wenche Nesje.