Fire strynelag til Gothia Cup

Gothia cup: Trym Vatn Øvreberg og Stryn gutar 16 er eitt av fire strynelag som deltek på Gothia Cup.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Stryn fotball stiller med fire gutelag når Gothia Cup i Göteborg sparkar i gang neste veke.

Stryn gutar 13 møter IF Väster frå Sverige, Hamburg Eimsbütteler BC frå Tyskland og CIFU frå Mexico i sitt gruppespel.

Stryn gutar 14 møter Brämhults IK frå Sverige, Danderyds SK Blå frå Sverige og Marin FC frå USA innleiingsvis.

Stryn gutar 15 spelar gruppespelkampar mot Bergums IF frå Sverige, Juventus Academy frå Saudi-Arabia og Dalstorp/Limmared/Grimsås frå Sverige.

Stryn gutar 16 innleier mot Fässbergs IF frå Sverige, Match Fit Academy frå USA og Colegio Sao Joao de Brito frå Portugal.

1.696 lag fordelt på 78 nasjonar deltek på Gothia Cup som går av stabelen 15.–20. juli i Göteborg. I alt skal det spelast 4.341 kampar.