Må koke drikkevatnet i Stryn

- Kok drikkevatnet inntil nytt varsel kjem frå Stryn vassverk, er den klare oppfordringa frå Stryn kommune. 

Nyhende

Stryn vassverk har søndag ettermiddag sendt ut følgjande varsel:

- På grunn av ein større vasslekkasje, må Stryn vassverk stengje ned eit større forsyningsområde. Som ein følgje av dette, er det påbod om koking av drikkevatnet fram til ny beskjed er gitt. Vassverket har starta med kloring, heiter det i meldinga frå Stryn vassverk.

Lekkasjen er no reparert, og ein har sett på trykket.

- Vassprøver er sendt til analyse. Inntil vidare gjeld det kokepåbod for drikkevatnet. Vi veit ikkje om det er noko gale med vatnet, men vi gjer dette for sikkerheits skuld, seier fungerande rådmann i Stryn kommune, Johnny Hove til Fjordingen.

Han har vore ein runde på serveringsstadane for å sjekke om alle har fått med seg kokepåbodet. Kommunen vel å vere proaktive med kokepåbod for å vere på den sikre sida.

- Kor lenge vil påbodet gjelde?

- Kokepåbodet gjeld fram til vassverket sender ut nytt varsel om at det er oppheva. Vi må få svar på prøvane først. Vi kan ikkje oppheve varselet før vi er sikre på at prøvane er heilt OK, seier Hove.

Kommunen kjem ut med meir informasjon så fort det er noko nytt i saka.