Suksessrik jubileumsfeiring

Den 25. utgåva av Norsk Countrytreff i Breim går inn i rekka som ein av dei mest suksessrike. Med Emmylou Harris som hovudartist strøymde mange til festivalen.  Foto: Runar Sandnes/NCT

Nyhende

Den 25. countryfestivalen i Breim går inn i rekka som ein av dei mest suksessrike. Med Emmylou Harris som hovudartist strøymde mange til festivalen.

- Arrangementet har nærast gått knirkefritt. Stemninga har vore på topp, publikum ser ut til å ha smilt om kapp med sola og vi har berre høyrt godord frå både artistar og publikum. Det er vi sjølvsagt utruleg godt nøgde med, seier festivalsjef Arve Kleppe etter at fire dagar med countryfestival nærmar seg slutten.

Ein konsert står att søndag kveld, men Kleppe og arrangørstaben kan sjå tilbake på ei festivalhelg med ei rekkje høgdepunkt. Eit humoristisk og flott farvel til Sogn og Fjordane, ein utseld kyrkjekonsert og nye og gamle countrystjerner fylde arenaen med fengande musikk frå føremiddag til kveld. 16.900 konsertbesøk vitnar om stor oppslutnad.

- Det er noko færre gjestar på campingen enn i fjor, men vi er langt over dei føregåande åra. Samstundes selde vi i år mange fleire dagbillettar, spesielt på laurdag, då mange møtte opp for å høyre mellom anna Emmylou Harris. Vi ser også at det er stor oppslutnad på fleire av konsertane, og det er noko av det som er med på å lage den gode stemninga som vi heile tida jobbar for, seier Kleppe i ei pressemelding frå Norsk Countrytreff.

700 dugnadsfolk har stått på i forkant, under og no etter festivalen. Dei har bygd opp scene, sett opp gjerde, pynta, laga mat, stått i grillen, servert mat og drikke, rydda opp, køyrt artistar og ordna opp i alle små og store spørsmål som dukkar opp når så mange menneske er samla i fleire dagar for å nyte festivallivet.

- Utan dei hadde dette vore heilt umogleg. Vi er så glade for den velviljen alle viser ved å stille på år etter år. Det er berre å ta av seg cowboyhatten for dei. Utan eit så godt mannskap og system hadde vi ikkje klart å skape den gode ramma som publikum opplever, seier Kleppe.

Han er samstundes klar på at festivalen har funne si form, og ikkje ynskjer å vekse seg noko større. Allereie no er planane for neste års festival i gong, men Kleppe er taus om kva publikum kan forvente seg.

Men at arenaen er klar for å ta i mot eit nytt festivalpublikum 9.-12. juli 2020, det kan han garantere.